Største demo på lenge i Trondheim

Etter demonstrasjonen for George Floyd 3. juni, der fleire hundre deltok til tross for forsøk på å stoppe markeringa skulle det vere ny demonstrasjon den 15. Ein av initiativtakarane syntes det blei for lenge å vente og det blei derfor skipa til ny demonstrasjon tirsdag 9. juni. 

Det var mykje fleire folk på torget denne gongen. Ein Kampkomiteen snakka med meinte det kunne vere rundt 1000 frammøtte. Det er lenge sidan så mange har møtt fram til ein demonstrasjon i Trondheim om ein ser bort frå faste arrangement som Pride, 8. mars, og 1. mai. 16 appellantar snakka ut mot politivald og kvardagrasisme. Dei latterlege utsagna frå Erna Solberg om at svarte i USA er meir kriminelle enn kvite, og FrP-utsagnet om at det ikkje finst rasisme i Noreg blei tatt opp av fleire. Obiora-drapet og rasisme frå politi i Noreg og at svarte undertrykkast over heile verda blei også trekt fram av fleire. Etter appellane blei det heldt 8 minutt og 46 sekund stillheit (den tida kvelinga av Floyd vara). Dei fleste demonstrantane gikk uoppfordra ned på kne. 

Også denne gongen avslutta dei fleste appellantane med slagord. Slagorda, som også blei ropt i toget, var også denne gongen “Black Lives Matter”, “No Justice – No Peace” “Hands up, Don’t Shoot” og “Ingen rasister i våre gater”. “No Justice, No Peace” blei etter kvart følgd opp med “No Racist Police”. Nokre, inkludert kampkomiteen, ropte også “Fuck the Police”. Det var også banner og nokre plakatar med “ACAB” (All Cops Are Bastards). Slagord som Kampkomiteen og Motmakt ropte mot slutten av markeringa. Det blei også delt ut mange løpesedlar av Kampkomiteen i starten og slutten av demonstrasjonen. 

Etter demonstrasjonen vart ein ungdom frå markeringa tatt av sivil-politi. Då var dei fleste demonstrantane vekk, men Kampkomiteen-aktivistar og ein rekke andre som var til stades, rykka fram mot politiet. Innblandinga bidrog til at ungdommen brøyt seg laus og kom seg unna, noko som vart feira av dei som var til stades.